Dette innlegget er over 40 dager gammelt, og informasjonen kan være utdatert.

Hei, kjære student! 

“Jul med nye vener” var såpass bra at vi har laga eit nytt konsept “vårsemester med nye vener”. Ønsker du å finne nye venner i vår?? Meld deg på her. Vi kjem til å spleise deg med fire andre som også ønsker å finne nye venner!

Om du vil kome på gruppe med ein annan person som også meldar seg på, er det mogleg å oppgje det i påmeldingsskjemaet. 

Vi i arbeidsutvalet til Velferdstinget i Oslo og Akershus vil prøve å leggje til rette for at du skal kunne ha nokon å møte gjennom vårsemesteret. Det blir opp til dykk korleis dykk vil møtast, og kor ofte. Gjerne zoom lunsj, tur med noko godt i sekken, moglegheitene er mange! 

Frist for å melde seg på er kvar sundag kl 23.00. Vi vil kvar måndag dele dei som er påmeldt inn i grupper, dette for at du skal kunne melde deg på gjennom heile våren. 

Ved å melde deg på skjemaet, samtykker du til at vi lagrar opplysningar om deg i 6 månader, og at e-postadressa og telefonnummeret ditt blir delt med dei du blir spleisa med. 

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med samarbeidsansvarleg i arbeidsutvalet Henriette Seim, på telefon 977 03 471, eller e-postadresse sam@studentvelferd.no. Vi har kjernetid frå kl 09.00-15.00, og set stor pris på om du tar kontakt innanfor dette tidsrommet.


Hi, dear student! 

“Christmas with New Friends» was a success, and we want to continue with a new concept we call “Spring term with New Friends”. Do you want to meet new friends during the spring term? If you sign up, by filling in the attached form, we will pair you up with four others who also want new friends.

When you fill in the attached form you can enter if you want to join a group with a friend who also registers.

We in the working committee of the welfare council in Oslo and Akershus will try to make it easy for you to meet someone through the spring. It will be up to you how often and how you want to meet. For example, lunsj at Zoom, hiking with cocoa, the possibilities are many. 

The deadline for signing up is every sunday at 23.00. Every monday we will divide those who are registered into groups. We have deadlines every week so that you can sign up throughout the spring. 

By signing up you approve that we store the information about you for six months, and that we can share your e-mail address and phone number with the people you are paired with. 

If you have any questions you can contact our head of cooperations, Henriette Seim, on telephone 977 03 471 or email sam@studentvelferd.no. We have working hours between 09.00 – 15.00, feel free to get in touch during this time.

Del på Twitter Del på Facebook