SiOs Hovudstyre.

Om hovudstyret:

Hovudstyret er det øvste organet i Studentsamskipnaden SiO. Det sit ti medlem i SiOs hovudstyret og fem av desse er studentrepresentantar valt av Velferdstinget. Blant dei fem studentrepresentantane veljast også styrets leiar.

Hovudstyret har eit overordna ansvar for Studentsamskipnaden SiO. Styrets oppgåver går blant anna ut på å utarbeide strategidokument og oppfølging av dette. Styret skal også ha kontroll på samskipnadens økonomi, og har eit personleg ansvar for avgjerdene som blir vedtekne. Studentrepresentantane fordela delstyrene i Studentsamskipnaden mellom seg. Desse har opp til ti møter i året. Verva er honorerte av SiO.

Hovudstyret har åtte til ni styremøter i året. Studentstyrerepresentantane plikter i tillegg å delta på formøter i regi av Velferdstingets arbeidsutval før styremøter. Dei har også møteplikt på Velferdstingets møter. 

Valkomitéen skal innstille på følgjande verv til SiOs hovudstyre:

Eit styremedlem for to år, med personleg vara. Valperioden går frå ekstraordinært møte 17.03.2021 til 31.12.2022.

I tillegg skal det i Velferdstinget veljast styreleiar som er ein av dei 5 styremedlemmene i SiO. Valperioden går frå ordinært Velferdstingsmøte 12.04.2021 til 31.12.2021.

For å bli vurdert av valkomiteen er frist for å stille 9.mars kl 12.00, link til å melde sitt kandidatur her.

Del på Twitter Del på Facebook