Mitt namn er Henriette Seim, og til sommaren fullfører eg ein bachelor i økonomi og administrasjon, ved NLA Høgskolen campus Oslo. Eg er ein initiativtakar med stor gjennomføringskraft, noko eg har tatt i bruk i løpet av dei tre siste åra gjennom involvering i studentdemokratiet ved NLA Høgskolen. Det komande året ønske eg å bruke tida og stemma mi for å representera studentar i vervet i Velferdstinget Oslo & Akershus sitt arbeidsutval som nestleiar. Eg har erfart eit pulserande storbyliv dei siste tre åra i Oslo, og har gjennom studentengasjementet mitt opparbeida meg eit stort nettverk. Der det er behov for endring er det naturleg for meg å ta i eit tak for å sikre forbetring og gjennomføring. Eg gjennomfører det eg har starta på og legg eit solid grunnlag for dei som skal ta over.

Eg likar å vere med i planleggingsprosessar, og legge til rette for god gjennomføring. Dette har eg fått bruk for fleire gonger, gjennom å etablere fadderveke, linjeforeining og studentdemokratiet på skulen. Gjennom studietida har eg vore studentparlamentsmedlem i eit år, og organisatorisk nestleiar i to år. Her har vi jobba for å lage tillitsvalt handbok, samarbeidsavtale med høgskulen, ny lokalisering av campus i Bergen og Oslo, rekruttering til studentråda og studentparlamentet – for å nemne noko. Eit resultat av dette arbeidet var at vi i haust hadde rekord mange som stilte til val, og som stemte!

Vi har oppretta linjeforeining for økonomi og administrasjonslinja, der eg har vore leiar. Vi har gjennom denne foreininga endra ein del fag, med bakgrunn i tilbakemeldingar frå studentane. Vi har skapt Hauge-dagen, som skal vere ein arena der næringslivet og studentane kan møtast.

Eg fann i mars 2019 ut om velferdstinget, etter ein mail til studentdemokratiet på høgskulen. Eg meldte meg på eit møte, og fekk beskjed om at eg kunne vere 8.vara for dei mindre. Eg skjønte ikkje mykje av kva det ville seie i starten, men eg stilte på nesten alle møter som vara dei komande møta. På valmøte i desember blei eg valt til fast representant for dei mindre. Gjennom dette året har eg lest mange sakspapir, og kunnskapen min for Velferdstinget har vekst enormt. Eg er ikkje ferdig utlært, men ønsker å bruke det eg kan og vilja mi til å lære det komande året.
Eg er veldig motivert til å jobbe med studentkultur, studentidrett, og generelt betre studiekvardag for alle og ein kvar. Eg er god til å samarbeide, delegere og holde ein tråd i ulike prosjekt.
Eg håpar med dette å få tilliten til Velferdstinget til å vere nestleiar det komande året.
Godt val!

Foto: privat